torsdag 10. oktober 2013

Literacylogg


Fredag i førre veke var eg på ein ungdomsskule i Rogaland for å ha eit intervju med ein elev i åttande klasse. Bakgrunnen for intervjuet var at eleven hadde skrive ein literacylogg for ein tilfeldig dag. I denne loggen skulle eleven notere opp all bruk av lesing og skriving i løpet av ein dag.

Fyrsteinntrykket mitt når eg las loggen var at eleven, frå ho stod opp til ho gjekk å la seg, nytta seg særs mykje av diverse teknologiske verkemiddel. Eg fekk eit inntrykk av at ho ikkje hadde relasjon til ”vanleg” skriving og ”vanlege” bøker. Når eg forberedte spørsmåla eg skulle stille til ho, tok eg høgde for at ho moglegvis hadde misforstått litt kva ho skulle skrive. Det er ikkje sjølvsagt for ein åttandeklassing kva ein literacylogg er, sjølv om eg trur at dei fekk gode instruksar på kva den skulle innehalde.

Intervjuet avdekte dette; Ho sa at ho brukte å lese i ei bok, i tillegg til å av og til nytte seg av penn og papir. Likevel kunne det gå dagar der ho berre brukte teknologiske verkemiddel i skriving og lesing. Ein grunn til dette kan vere at alle elevane har fått utdelt nettbrett på skulen og at dei difor nyttar det i stor grad i skulesamanheng. Ho var klar på at ho syntes at nettbrettet var eit hjelpemiddel framføre eit distraksjonselement.

Andre spørsmål gjekk på å avdekkje bruk av forskjellige typar appar som ho nemna i loggen, samt formål av desse. Til slutt var eg interessert i å finne ut om ho følte at desse formane for literacyaktivitetar var med på å auke læring ift. språk.

Eg er forresten på gruppe med Tommas. Han hadde ikkje høve til å vere med på intervjuet, men vi har hatt dialog kring loggen og intervjuet.

lørdag 24. august 2013


Hei,

Eg heiter Vilde Herigstad. Og.. Dette er uvand. Må inn på It’s Learning en gang til å sjå/lese kva vi skulle skrive. Allereie ved sjå/lese kom eg inn på ei problemstilling som blir kasta lys over av David Barton i boka Literacy som er ein del av pensum i faget MLE350. Dette kan bli komplekst merkar eg.

Ok, ein presentasjon. Som sagt, eg heiter Vilde og er 21 år. Eg er frå Sandnes og her kjem eg til å bo i mange år framover då eg har kjøpt hus her saman med sambuaren min. Smilefjes. Eg byrjar nå på mitt fjerde år som student ved Universitet i Stavanger. I 2010 byrja eg på Lektorprogrammet med norsk som hovudfag og religion som breiddefag. Det ser ut til å vere det rette for meg då eg er interessert i litteratur og språk(hovudsakleg litteratur), samstundes som eg ynskjer å ende opp med å vere lærar.

Denne bloggen er oppretta i samanheng med studiet, nærmare bestemd MLE320 - Ny skriftkultur, eit fag eg ser fram i mot å arbeide vidare med då eg tykkjer det verker interessant og samstundes annleis/nytt frå tidlegare fag. Når det gjeld målform har eg vore veldig i tvil kva eg ska velja, då eg må skriva masteroppgåva mi på den motsette målforma enn bloggen. Men det ser ut som eg har teke eit val.

Eg har alltid hatt stor interesse for litteratur. Bacheloroppgåva eg skreiv i vår handla om sjølvframstilling i litteraturen. Eg skreiv om boka Teori og praksis av Nikolaj Frobenius. Det var eit arbeid som eg opplevde som todelt: spanande og givande, samstundes som det var utfordrande og nokon dagar umogeleg. Når det gjeld masteroppgåva tenkjer eg, per i dag, å vinkle den litt meir mot skulen. Eg har tross alt ingen intensjon om å ende opp som litteraturforskar. Nå som eg har byrja på lesevitskap(i ei uke) synast eg at dette med lesing og skriving er eit stort og spanande felt som eg vil utforske meir.

Fenomenet blogg ledar meg inn på assosiasjonar av ymse slag. Dette vil eg kome tilbake til i seinare innlegg. Når det gjeld tittelen Blogg – Ein ”ny” type skriftkultur veit eg ikkje heilt kva eg meiner med den enda.  Det vil kome eit svar på det òg. Dette innlegget blei lenger enn forventa. Får håpe skrivelysta fortset.