Hei,
Eg heiter Vilde Herigstad. Og.. Dette er
uvand. Må inn på It’s Learning en
gang til å sjå/lese kva vi skulle skrive. Allereie ved sjå/lese kom eg inn på ei problemstilling som blir kasta lys over
av David Barton i boka Literacy som
er ein del av pensum i faget MLE350. Dette kan bli komplekst merkar eg.
Ok, ein presentasjon. Som sagt, eg heiter
Vilde og er 21 år. Eg er frå Sandnes og her kjem eg til å bo i mange år
framover då eg har kjøpt hus her saman med sambuaren min. Smilefjes. Eg byrjar
nå på mitt fjerde år som student ved Universitet i Stavanger. I 2010 byrja eg på
Lektorprogrammet med norsk som
hovudfag og religion som breiddefag. Det ser ut til å vere det rette for meg då
eg er interessert i litteratur og språk(hovudsakleg litteratur), samstundes som
eg ynskjer å ende opp med å vere lærar.
Denne bloggen er oppretta i samanheng med
studiet, nærmare bestemd MLE320 - Ny skriftkultur, eit fag eg ser fram i mot å
arbeide vidare med då eg tykkjer det verker interessant og samstundes annleis/nytt
frå tidlegare fag. Når det gjeld målform har eg vore veldig i tvil kva eg ska
velja, då eg må skriva masteroppgåva mi på den motsette målforma enn bloggen.
Men det ser ut som eg har teke eit val.
Eg har alltid hatt stor interesse for
litteratur. Bacheloroppgåva eg skreiv i vår handla om sjølvframstilling i
litteraturen. Eg skreiv om boka Teori og
praksis av Nikolaj Frobenius. Det var eit arbeid som eg opplevde som
todelt: spanande og givande, samstundes som det var utfordrande og nokon
dagar umogeleg. Når det gjeld masteroppgåva tenkjer eg, per i dag, å vinkle den
litt meir mot skulen. Eg har tross alt ingen intensjon om å ende opp som
litteraturforskar. Nå som eg har byrja på lesevitskap(i ei uke) synast eg
at dette med lesing og skriving er eit stort og spanande felt som eg vil
utforske meir.
Fenomenet blogg ledar meg inn på
assosiasjonar av ymse slag. Dette vil eg kome tilbake til i seinare innlegg. Når
det gjeld tittelen Blogg – Ein ”ny” type
skriftkultur veit eg ikkje heilt kva eg meiner med den enda. Det vil kome eit svar på det òg. Dette
innlegget blei lenger enn forventa. Får håpe skrivelysta fortset.
Veldig bra. Kva problemstiling var det du snubla over i innleiinga? Eller er det berre eg som ikkje les godt nok? :) Uansett; tenkjer du skuleretta masteroppgåve, altså forsking på problemstillingar knytt til lesing/skriving/literacy i skulen, skal det vere enkelt for deg å finne gode problemstillingar som det er kjekt å jobbe med.
SvarSlett