torsdag 10. oktober 2013

Literacylogg


Fredag i førre veke var eg på ein ungdomsskule i Rogaland for å ha eit intervju med ein elev i åttande klasse. Bakgrunnen for intervjuet var at eleven hadde skrive ein literacylogg for ein tilfeldig dag. I denne loggen skulle eleven notere opp all bruk av lesing og skriving i løpet av ein dag.

Fyrsteinntrykket mitt når eg las loggen var at eleven, frå ho stod opp til ho gjekk å la seg, nytta seg særs mykje av diverse teknologiske verkemiddel. Eg fekk eit inntrykk av at ho ikkje hadde relasjon til ”vanleg” skriving og ”vanlege” bøker. Når eg forberedte spørsmåla eg skulle stille til ho, tok eg høgde for at ho moglegvis hadde misforstått litt kva ho skulle skrive. Det er ikkje sjølvsagt for ein åttandeklassing kva ein literacylogg er, sjølv om eg trur at dei fekk gode instruksar på kva den skulle innehalde.

Intervjuet avdekte dette; Ho sa at ho brukte å lese i ei bok, i tillegg til å av og til nytte seg av penn og papir. Likevel kunne det gå dagar der ho berre brukte teknologiske verkemiddel i skriving og lesing. Ein grunn til dette kan vere at alle elevane har fått utdelt nettbrett på skulen og at dei difor nyttar det i stor grad i skulesamanheng. Ho var klar på at ho syntes at nettbrettet var eit hjelpemiddel framføre eit distraksjonselement.

Andre spørsmål gjekk på å avdekkje bruk av forskjellige typar appar som ho nemna i loggen, samt formål av desse. Til slutt var eg interessert i å finne ut om ho følte at desse formane for literacyaktivitetar var med på å auke læring ift. språk.

Eg er forresten på gruppe med Tommas. Han hadde ikkje høve til å vere med på intervjuet, men vi har hatt dialog kring loggen og intervjuet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar